søndag 31. desember 2017

Romjula 2017

24.-30.12 Inngangen til jula var grønn og mild. Etterkvart vart det snø og skikkeleg julestemning. Eg kan ikkje hugse sist vi hadde så fint ver i romjula!! Variert frisk luft om dagane: Fottur til Skarvatnet, eit par turar til Stordal på ski med Sygni, skeiser på Harryvatnet med Arthur og ungane og rattkjelketur bak ATV'en. Ved midnatt nyttårsaften var det månelyst og mildt, og det var kjekt å sjå både eigne og andre sine rakettar. 

Skarvatnet

Svanane invaderte Gjelsvik går før jul

Bosse og eg lufta oss litt på julaften

Romjulsdraum i Stordal













GODT NYTT ÅR!!!

onsdag 20. desember 2017

Desemberrulle 2017

20.12 Nydeleg dag, og den siste på langtidsvarselet. Eg nytta dei siste avspaseringstimane og for heim for å rulle. Det er litt greiare når eg tør å rulle aleine, og har ein plass i fjøra i gangavstand frå heimen.
Godsida

Vrangsida - sjekk

Vrangsida i solnedgang

Denne dagen mislykkes eg i å ta stormrulle og shotgunrulle, men fann at ei anna ro under rullinga. Desemberrulling i boks og STOR rullemotivasjon inn i 2018!

Nyrulla og juleklar!

mandag 18. desember 2017

Padleloggen 2017

Her er padleloggen 2017, med vekt på turpadling/distansepadling. I tillegg kjem nokre reine surfeturar og rulleøkter.

Min status per 10.12.2017    246,5  km

Dato              Km            Stad                   Selskap

13.04               30           Røst                     Kristin og Marian
14.04                 2           Røst                     Kristin og Marian
24.06               7,5          Ålesund               Sygni og Mildrid
29.06                  6          Ålesund               Laila og Odd
03.08                 6,5       Molneshytta         Kristin
9-10.08              40        LilleMolla           Ingrid
20.08               15,5       Skodje                  Kenneth
27.08                16          Erkna                   Jason
03.09                16          Grasøyane           Odin og Mildrid
09.09                23          Storholmen         Jason og Mildrid
18.09                  1          Tjørvågen            Mildrid Aili
11.-12.11          38          Kvalpadling        Bjørn Tore
17.-19.11          46          Kvalpadling        Mildrid, BT, J&T

Landinga på Storholmen

Midtsommar - Slinningsodden



.........................................................................................................
Norges Padleforbund har eit distansemerke: Bronse: 400 km , Sølv: 800 km, Gull: 1200 km
Dette er krava for dame og herre senior, når det gjeld kajakk og må padlast i løpet av eit kalenderår.

Eg fekk bronsemerket i 2011, og har ikkje klart dei andre merka enda.

Padlehistorikk samla år for år (årstal klikkbar link):
2010 - 172 km fordelt på 12 turar + teknikkurs
2011 - 535 km fordelt på 25 turar inkl. ASKR
2012 - 470 km fordelt på 25 turar + aktivitetsleiarkurs
2013 - 567 km fordelt på 28 turar + hospitant på aktivitetsleiarkurs
2014 - 590 km fordelt på 42 turar inkl ASKR
2015 - 430 km fordelt på 24 turar
2016 - 216 km fordelt på 13 turar
2017 - 246 km fordelt på 13 turar 

tirsdag 28. november 2017

Novemberrulle 2017

28.11.17 Rulla satt ikkje heilt under kvalpadlinga tidlegare i november. Omlag samstundes kom eit hardt spark og ei utfordring frå nord. Kombinasjonen gjorde at eg manna meg opp og testa solorulling på Valderøya. Eg har i grunn ikkje drive med noo særleg solorulling, så det var litt skummelt i seg sjølv. Månadsrullinga det neste året er per def gjennomført om eg har rulla på "vrangsida" (ned på høgre side, opp på venstre)

Plask - her går det kontrollert gale på gosida

Fint opp att - faktisk med hovudet til slutt!

Dårleg lys og dårleg rulle - men kom opp
 
Nyrulla! 

Prikken over i-en var dei flotte anemonene i strandkanten som gjorde seg lekre. 






mandag 20. november 2017

Vinterpadling med eit hint av kval

17.-19. november 2017
Kvalen heldt seg framleis ved Skjervøy, så vi omorganiserte heile opplegget vårt. Jarle og Trude kom med hurtigruta om kvelden medan vi andre fekk med oss Lyngsalpane i soloppgang frå bilen.

Skjervøy sentrum. Kul plass. Tettbygd samfunn i ingenmannsland. 

Mildrid spenna klar! 
 
Nokre av fiskarane var allereie på veg inn. 

Vakkert!



Teambilde!

Pastellpadling (Foto: Mildrid)
 
Omringa av spekkhoggarar i blåtimen på veg inn att. (Foto: Mildrid)
Den siste spekkhoggaren vart med inn i hamnebassenget. 

Fredagen: Vi padla 16 km, og såg ca 20 spekkhoggarar og 10 knølar.  Ein stor sprettspekkis som hoppa 2-3 gonger. Masse unge dyr som og hoppa og spratt litt. Vi traff og på knøl og spekkhoggarar i mørket, som var ei stor oppleving. 

3 vart til 5 på laurdagen! Flokkpadling er kjekt. 

Vi såg 3 knølkvalar på lang avstand, så kvalmessig var det langt under forventningane. Då er det bra at det sosiale og padlemessige held mål. Vi fekk synfart haukøya grundig og gjorde strandhogg med bål i Lille Taskeby. Ikkje veldig mange fine plassar å gå i land her ute.  



Besøk av fleire Tromsø-padlarar. Fantastiske pastellfargar utover dagen!

Blåtimepadling på heimveg. Vakkert. 

Teambilde! Vi let ikkje mangel på kval øydelegge stemninga. (Foto: Mildrid)

Red light paddling (Foto: Mildrid)

Skjervøy blenka som ein juvel i skumringa. Julepynt i vinterkledd landskap.

Søndag: Ny moglegheit på ny plass. Vi la ut frå Taskeby og held oss i Maursundet og midtfjords mot Molvik. Vind og fjordbølgjer og lite kval. Vi bestemte oss etterkvart for å prioiritere båling og gamla på at det gjekk å komme i land i Sæterbukta. 

Taskebystranda

Mildrid i Maursundet

Seglbåt med kvalsafarifolk. 
Sympatisk at det er fleire som prioriterer stille og sein framdrift...

Sætrebukta. Vi kom i land. (men eg kolva då vi skulle ut att..)
  
Grunneigaren var og på hytta denne dagen, og vi fekk låne bålplassen

Bjørn Tore fiksa bål før vi fekk snudd oss rundt. 

Fin solnedgang denne dagen og! (Foto: Mildrid)

Sidan eg allereie var blitt våt, og rulleutfordra av Marian, var det like greit å rulle. Godsida gjekk greit, men vrangsida var vrang, og det vart bading og redning. Det ER lurt å øve med dei kleda og i dei forholda ein faktisk padlar. Note to self: 3 lag ull, og mykje stæsj i vesten gjev både god oppdrift og lite bøyelegheit. Og for meg er rulling og vasstilvenning ferskvare. 

Eg vert redda (Foto: Mildrid)

Fantastisk solnedgang sette eit verdig punktum for kvalpadlina 2018. Eller som Jarle så treffande sa det: - Vinterpadling med eit hint av kval! Søndagen padla vi 11 km, og såg  to knøl frå land før vi la ut og elles spegghoggar på lang avstand.

#romantisk <3 finefolk="" nbsp="" p="">