søndag 26. mars 2017

Vårskitur hytte til hytte på Saltfjellet 2017

23.-26. mars 2017 TILBAKEBLIKK

Søringane landa i Bodø og vi for med freidig mot i leigebil mot Saltfjellet. Griseglatt i Fauske og stengt veg. Det vart langt over midnatt før vi snubla inn på Lønsstua.

Lønsstua - rett ved vegen og grei første stopp. Vi kom seint og for tidleg - trudde vi. 

Det var meldt mykje vind i fjellet, men vi låg i le på hytta, og ville gjere eit forsøk på å gå over til Saltfjellstua. 

Under jernbanen for å komme inn på fjellet

Første halvtimen var heilt fantastisk! Lett ver, fin snø og passeleg kaldt. 

Truande skyer på alle kantar

Allereie oppe ved Kjemåvatnet ca 600 moh møtte vi synnavinden. Som ein vegg, med snøfokk. Minusgradene vart utålelege og både gåing og kartlesing vart ineffektivt. Vi skjønte fort at det ikkje var noko vits å prøve å krysse fjellheimen på 1100 meters høgde og gå 2 mil i motvinden. For det første ikkje spesielt hyggeleg, og dessutan for høg risiko.  

Vi snudde og tok ein runde sørover langs Kjemåfjellet før vi for "heimatt" til Lønsstua. 

Idyll på bilde, men legg til 15 m/s og i utgangspunktet meir enn nok minusgrader.. 

Vi nytta høvet til å øve på lunsj i vindsekk. Veldig komfortabelt. God stemning inne hos oss, og vi rekna med at Kristin og Siri hadde det kjekt borte i sitt "reir". Vindsekk er ei genial oppfinning! 

Akkurat så kaldt som det ser ut som. Heilt greit å gå vidare med både skjørt og dunjakke. 

Tilbake til start! Heilt innafor med dei forholda som var, og no fekk vi ein lang kveld på hytta. Koseleg plass.

Dag 2:  Framleis mykje vind i fjellet, og vi droppa Saltfjellstua. Vi tok bilen ned til Bleiknesmo og Trettnes stasjon.  

Julestemning meir enn påskestemning opp mot Trettnes stasjon. 

Jomfrueleg snø og motbakkar. Vi starta på ca 50 moh og skulle over knappe 900 moh. Ingen spor, og veldig mykje laus snø i skogen. Det vart ei tung økt, svetten rann og det var ikkje vanskeleg å halde varmen.

Siri brøytar spor

Endeleg oppe på fjellet flata det ut og sikta forsvann. Der vart det nokre kilometer med kald motvind og dårleg sikt. Heldigvis kom vi oss inn på merkinga, slik at det var lett å navigere. Eg fekk krampe rundt kneet og på innsida av låret, og trudde ei stund at eg ikkje kom til å kunne gå ein meter vidare. Ganske stressande og fysisk vondt. Heldigvis slapp krampa taket etter ei stund, sopass at eg karra meg vidare.   

Merka løypa - heilt greit!

Bjellåvasshytta i horisonten!! 

Stor glede og ny motivasjon i gjengen då vi såg hytta. Den siste kilometeren var og veldig tung, med mykje snø. Siste kneika opp til hytta var pyton. Slitne bein, laus snø og ikkje feste på skia. Vel framme tok vi oss inn i den eine hytta. Der fekk vi ikkje fyr i ovnen. Etter ei stund gav vi opp og grov fram den andre hytta. 

Heimekoseleg!

Eg hugsar det som varmt og triveleg då vi endeleg kunne få i oss varm mat inne i hytte nummer to etter ein dag med tunge bakkar og tungt føre. Av bilda ser det kanskje litt mindre varmt og triveleg ut, men ikkje la deg lure! 

"Ventar på realen i dunjakke" Motiv frå Bjellåvasstua 2017. 

Om kvelden skein det opp og vi fekk eit glimt av det fantastiske landskapet vi var inne i og hadde gått i store delar av dagen. 

Bjållåvatnet


Hytta vi låg i (den nye)

Dag 3. Grått ver, men mildare og nesten ikkje vind. Vi la i veg med godt mot, og det tok ikkje lang tid før vi måtte legge om skia frå feller til smøring. Resten av turen var stort sett nedoverbakke. Herleg å skli gjennom fjellet og nesten ikkje bruke ein einaste kalori. 

Omlegging frå feste til gli

Langs Steinfjellet, over Hessihompelva og ned Breidalen. 

Omlag halvvegs vart det sol. Som i skikkeleg solskinn! Vi treiv opp kamera og knipsa i veg! 


 

Det var godt vi nytta høvet, for det var dei 5 minutta vi fekk med sol, den dagen.

På andre sida av elvedalen, borti skogen der skulle Jordbruhytta ligge. Vi var bekymra for elvekryssinga, (og vart dessutan lurt opp i stry av nokre elgspor undervegs), og gjekk etter GPS siste stykket. 


Idyll i skogen. Vi skjønte etterkvart at stadnamnet Jordbru betyr at elva går under jorda. Vi måtte krysse ein bratt elvedal, men utan elv i botnen. Hytta var vanskeleg å sjå, og eg var glad vi hadde GPS. 

Her var det og mengder med kram, våt snø. 

Surrealistisk tidsreise...

Synnøve slo til med husmorfakter og steika pannekaker til oss. Det var veldig triveleg å sitte på hytta, og vi fann gode artiklar med historia til hytta og dei som hadde budd der. Det var lett å leve seg inn i husmannsplasslivet. Det var i grunn trangt og intimt med oss 4 på stova. Vi vart difor litt lange i maska då det brått stod eit heilt følgje på tunet, med 6-7 personar til og ein hund.. Korleis skulle vi få dette til å gå opp? Dei vart nok like stressa av å finne full hytte, men vi gjekk løysingsorientert til verks og organiserte sengeplassar og klestørk. Det viste seg å vere ein organisert tur frå Bodø DNT, skikkeleg trivelege folk og det vart ein minneverdig kveld med gode historier rundt bordet.


Avskjed med Jordbruhytta
  
Kart over turen med omtrentleg rute. Knappe 40 km til saman. 

Oppsummert: 
Fin tur. 
Fine hytter. 
Ikkje heldige med veret. 
Godt med ein Fru Catharina Lysholm Aquavit i kvart bein etter ein dag på ski!
Sekken vert rikeleg tung nok med mat og utstyr for vinterfjellet. 


Eg fekk både smak og respekt for Saltfjellet, og har lyst tilbake. Då gjerne med tradisjonell påskestemning i fjellet. 

Søringane fekk i tillegg ein lang ettermiddag på flyplassen, forsinkelsar og manglande bagasje ved ankomst Vigra. Det passa særleg godt for Synnøve som skulle rett til Myanmar på jobb.. Ingen tur utan litt drama. 

Kongeføre på Kistbergtind

26. mars 2017

Eg hadde klaga ein del på dårleg føre i Lofoten og desto finare puddersnø i Troms. Denne søndagen såg "The Ingrids" sitt snitt til å motbevise meg på ALLE punkt. Vi hadde vurdert litt att og fram og funne ei li der vi trudde det var bra snø. Sjølv om det betydde at vi måtte gå store delar av turen i skuggen. Og for ein dag det vart!! Det er ikkje akkurat noko hemmeleg skifjell det her, men det var INGEN som hadde vore der etter siste snøfall. Urørt jomfrueleg puddersnø frå vi steig ut av bilen og omlag heilt til topps.

Vi lagar våre eigne spor...

Utsikta mot Higravstinden og Geitgaljen var fabelaktig

Det går greit å gå i skuggen, når føret er knall og utsikta magisk. Vi held med vilje god avstand akkurat her. Med tanke på det som er utanfor bildet til høgre. 

Eg gjekk dei siste høgdemetrane med stegjarn, medan dei andre gjekk med ski heilt opp. Kjensla då vi bikka kanten og fekk sola midt i fleisen var ubeskriveleg! Sjølve livet. Det var det vi kjente på. 

Oppe så langt vi gadd å gå, ca 550 moh? 



Sjølve Kistbergtinden på 661 moh bak der

Vi måtte ape oss litt og då....Vart reint øsne av vårsola. 

Litt vemodig at tida i Lofoten snart var over. Det var berre å suge til seg inntrykk og utsikt.  

Kongedag - kongeføre

Juhuuuu! Ingrid er klar for FART og MORO

Det vart pudderfest og straka vegen ned til bilen! Beste føret eg har opplevd i Lofoten NOKON gong. Kjempegøy!! Kanskje eg er i ferd med å verte ein skientusiast no? 

søndag 5. mars 2017

Skrova med Sygni og Marian

5.3.17 Sygni var på besøk og då vi sette kurs mot Skrova på søndagen, ila Marian nedover frå Vesterålen. Alt låg tilrette for ein strålande dag, og sidan vi hadde vore ute ein vinterdag før var det meir enn rikeleg med klede i sekken.

Skrova - oljetank og Åsjordbruket i "sentrum". Lille-Molla bak.

Litt snø, men ikkje meir enn at vi lett fann stien oppover lyngen mot fjellet. Eg tenkte det var lurt å ta ein alternativ veg opp. Vegvalet viste seg å gje raskt fin utsikt, men også litt bekymring for fotfestet eit par stader. 

Skrova sentrum med fjella i Kabelvåg bak

Skrova fyr - vi er snart oppe det brattaste stykket.

Fin gjeng, litt ullikt blodsukker tidleg ein søndags morgon

Finaste utsikta - mot nordaust

Høgskrova - ein av mine Lofotfavorittar! 
Sola gjorde godt, men det var og iskald vins, så vi vart ikkje så lenge på toppen

Skrova sentrum - Henningsvær og Vågakallen bak til venstre

Teambilde for dagen! Foto: Sygni

Returen med sola og heile Vestfjorden midt i mot!

Det var fleire enn oss som var våryre, og under lunsjen kom det 6-7 ørner forbi og leika seg med termikken. 

Fiskarkona og Høgskrova bak der. 

Vi rakk akkurat ei ferje og dagen var framleis ung og lys. Kva gjer vi no? Svaret vart Henningsvær - og DET angrar ein jo aldri på. I tillegg til kanelbolle og kaffi så er det flott å gå rundt i været på vinteren - og suge til seg stemning, sol og kystkultur. 

Henningsvær hamn, Lofotfiske

Fisk hadde dei fått!


Tidleg solnedgang og magisk gyldent lys. 

Sygni og eg tok med oss ein siste turistattraksjonen på veg heim - skulpturlandskap Nordland i Vågan. Til liks med Skrova og Henningsvær vert eg aldri lei denne.

Kjekt med besøk og turisthelg i Lofoten i mars! 

Linkar til: