mandag 26. juni 2017

Slinningsbålet 2017

24.06 Ein av dei finaste tradisjonane i Ålesund er bålbrenninga midtsommars. I gamle dagar var det bål på kvart eit nes innover Borgundfjorden. No er det bålgjengen på Hessa og Slinningsbålet som ber tradisjonen vidare. I år passa det å samlast og padle ut til feiringa. Sommaren på Vestlandet er som kjent oftast best i tørrdrakt. Kanskje vi har etablert ein ny tradisjon?

Vi la ut frå Borgundgavlen - og ser at dei har fått fyr på bålet i horisonten
 
Den gule armada! Vi rekna ikkje med å vere aleine
 på sjøen, og sette i verk nokre ekstra HMS-tiltak

Full fyr og full folkefest! Vi var ikkje dei einaste som la laurdagskveden hit. 

Fyrverkeri, folkefest, sang og god stemning. Eg fekk lyst til å juble både "Gratulerer med dagen!" og "Godt nytt år!"

Overtent før midnatt. Bålet varma godt, og båtfolket hadde god disiplin. 

Det gjekk eit salig WOW over sjøen då bålet sank saman. Ofte veltar bålet når det rasar saman, men i år var det kontrollert og eksemplarisk nedbrenning.   
 
Sjeldan vi nyt "leirbålet" frå kajakkane. Flåte fungerar også til bålkos, og det var nesten så vi svei luggen. 

Sommarnatta skal ikkje sovast bort. 
Det lysna, og dei ivrigaste mannfolka svømte ut til bålet. Festen var på hell og vi sette kursen heim. No fekk ungdommane styre seg sjølve på Slinningsodden.  

Eg var smal i augo då eg kom heim, det er ikkje ofte eg har padla i mange timar FØR eg et søndagsfrukost.

Flott midtsommarnatt med fine folk  - godt initiativ Sygni! 

7,5 km t/r

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar