lørdag 4. mars 2017

Fjellskitur i Svolværfjella

4.3.17 Sol, snø og Sygni på Lofotbesøk! Seinvinteren er ei fin tid i Lofoten. Vi hadde mykje planar for helga, som i hovudsak gjekk ut på å lade batteria og nyte livet. Dessutan var vi opptekne av å støtte det lokale næringslivet. Den første turen var fjellskitur i Svolværmarka, og for at det ikkje skulle verte for hard start på helga tok vi skitrekket opp Kongstind alpinsenter, for å gå ein fin runde innover og rundt til Nøkksætra (DNT-hytte).

Svolvær med godstemning og Lofotfiske under oppsegling

Frå toppen av trekket. Greit å komme hit opp utan å løfte ein finger..
(dessutan rein støtte til lokalt næringsliv..)

Foto - Sygni

 Nøkkstua, som er ei anna lita bu i området. Baksida av Kongstindan og Løva.

Pinnkaldt og blå swix. Frostrøyk. Isdekte vatn og trått i løypa. Nydeleg dag, og vi er i posisjon!

Sygni testar gopro

YEAH! Endeleg i sola! 

Det vart ein lang lunsj i sola ved ein stein. Nokre få gjekk forbi på ski, elles var det stilt og fredeleg i dalen. 

Foto: Sygni

Nøkksætra

På sætra var hyttevakta på plass, med nykokt kaffi. Stig høyrde oss fnise og flire på fleire kilometers hald, og kjende att romsdalsmålet lang lei. Vi hadde tid til å sitte i solveggen og slå av ein prat. Flott hytte og veldig fin plassering.   

Grei utsikt frå solveggen

Nøgd turist

Vi for ned mot Sætra og kom oss heilskinna ned bakkane. Kanskje ikkje heilt stilreint, men meir enn bra nok! Så var det det berre å stake seg ut langs Svolværvatna tilbake til bilen. Herleg runde og  nydeleg dag. Raude i kjakane og nylada tok vi helg i sofaen resten av kvelden.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar