mandag 26. februar 2018

Rundt Uksebåsen/Hamnøya

25.02 Summen av padleabstinens, grått ver og skulderskade resulterte i ein tur i skjergarden aust om Valderøya. Vinterpadling i vårt eige omland er det ikkje ofte vi gjer! Det at nokon hadde filma spekkhoggar her to dagar før gjorde ikkje området mindre interessant. Kenneth vaks opp her, og guida oss gjennom barndommens rike med mange gode historier. Det var mykje å sjå, og fin padling rundt øya. Ramnhola, vrak, ørner i fleng, sjølvsagt ein ramn, sjølvsagt litt plastsøppel og lunsj på gamle tufter. Innhaldrikt og RETT i nabolaget.


Dagens hotspot - lagt på ryddeminnet

Kenneth sa: Vi lunsjar ved Treet. Eg skjønte med ein gong kva han meinte då vi fekk dette synet midt i mot: 

Treet. 

Her låg det ein gard i gamle dagar, No var det berre nokre låge tufter og tuntreet att, og perfekt tørrgras å sitte i for ein vintersøndagslunsj. 

Fjorden full av folk!

På heimveg møtte vi ein gjeng med padlarar. Kjekt at padleinteressa tek seg opp, og det er verkeleg mange fleire som er ute i kajakk no enn då eg kom til Sunnmøre i 2011. 

Ingen kval, men fin runde på 10 km.

Eg vart nyfiken nok til at eg må på biblioteket for å skaffe meg lokal info om desse øyene. 

Auskjeret (1203 moh)

24.02. Runa hadde nye ski, Sunnmøre baud på pudder og det låg an til ein herleg dag. Det viste seg at vi hadde valgt ein topp å feil side av verskillet, men sjølv med overskya var det godt nok lys til å komme seg både opp og ned. Skyene var i grunn det minste problemet. Eg hadde mist all lungekapasitet i løpet av veka. For mitt vedkommande kjendes det i grunn meir ut som eit verdsrekordforsøk i å6 få ein elefant opp 100 høgdemeter enn ein skitur.

På toppen! 

Olav Hauge skreiv dette som "Skeiserenn", men eg kan stadfeste at det er like relevant på ski.

Du startar i lag med storskridaren.
Du veit du ikkje kan fylgja han,
men du legg i veg
og brukar all di kraft
og held lag ei stund.
Men han glid ifrå deg –
glid ifrå deg, glid ifrå deg –
Snart er han heile runden fyre.

Det kjennest litt skamfullt med det same.
Til det kjem ei merkeleg ro yver deg,
kan ikkje storskridaren fara!
Og du fell inn i di eigi takt
og kappestrid med deg sjølv.
Meir kan ingen gjera.

Gull verd med tolmodige turkameratar. Det var kjekkare ned enn opp denne gongen.

9 km t/r og knappe 900 høgdemeter

tirsdag 20. februar 2018

Fjellskitur på Frostadtind (ca 800 moh)

19. februar Nokre av oss har ikkje vinterferie, så vi måtte ty til solskinnsfri og avspasere på slutten av dagen. Willy hadde nye fjellski som måtte testast, og Synnøve og eg hadde lyst å gå på Frostadtind i dagslys til ei forandring. Det var påskestemning heile dagen - og sola stod framleis høgt då vi starta på turen.

Tilfeldig forbipasserande baud seg å ta teambilde ved start! Påskestemning!

Utsikt heile vegen - og stadig fleire alpine fjell i horisonten dess høgare vi kom.

Påskestemning II

Synnøve solbakken med solskinnsfri

All slags føre på veg opp. Eg gjekk faktisk i berre trøya heilt opp. På toppen var det iskaldt, og vi realitetsorienterte oss frå påske til vinterferiestemning. 

Førstemann loggar inn..

Pause på toppen! 

Lekkert med utsikt til mange kjente turmål, og endå fleire ukjente toppar som vi ikkje har vore på - endå!

Foto: Synnøve
  
Heilt grei nistepakkeutsikt det her! 

Heimvegen vart magisk, med noko ukontrollert humpeskikøyring over månelandskap og noko silkemjuk puddersnø. Ikkje så gale som frykta. Vi fekk med oss heile solnedgangen på veg heim, og det var ikkje naudsynt med lykt. Lysfest i bakkane. 

Tilbakeblikk mot toppen. Heilskinna ned så langt. 



11,4 km t/r og ca 500 høgdemeter

Husmorferie til Bjorli

18.-19. februar Gry inviterte til hyttetur og husmorferie, med moglegheit for både alpinbakke og langrenn. Det vart ei kjekk helg i godt selskap - med full klaff med ver og føre. 

Utsikt frå stua mot Rånakollen.

Det vart ein strålande dag, med 10 minusgrader og strålande sol. 


Skitrekk!

Det skumlaste med heile dagen var gondolen #grøssoggru #høgdeskrekk

Gry med Bjorlibygda og hyttefeltet nedanfor

Vi starta i alpinbakken og la inn litt sightseeing før vi testa langrennsløypa. Flotte forhold, godt føre og ein rett så hyggeleg dag. Nordmenn og -kvinner tok gull i OL medan vi utfordra oss på meir eller mindre rustne øvingar på ski på VÅR måte. 

Langrennssøndag

Kult fjell i horisonten, men kva for eit? (Dønttinden?)

Vi fossa gjennom løypa og åt kilometer, til trass for gnagsår og blodsukkersvingningar. Innlagt kjekspause berga meg før dei siste fine bakkane nedover på heimvegen.  

Sjølvaste Romsdalen svingar seg vestover

5,5 km og 15 km

tirsdag 13. februar 2018

Pudderfest på Langfjella i Sykkylven (1118 moh)

3. februar 18
Trude varsla at ho var turklar god tid i førevegen. Vi ville ha mykje kos og lite slit, og vakna til den finaste vinterdagen hittil i år! Sykkylven og Langfjella vart valget. I 2012 var det nettopp Trude som tok meg med hit på min første randonee-skitur. Det var sol, vindstille og 8 minusgrader på parkeringa.

Nye hytter har poppa opp, men fjella ligg som før. 

Herleg å vere på tur att - og slike fjell og dalar som vi kan boltre oss i! 

Nokre hadde vore tidlegare ute enn oss... Vi gledde oss allereie til nedturen..

Like magisk å bikke kanten og få taggerekka i fleisen som første gong. Foto: Trude

Mot toppen (Foto: Trude)

Det var pudderføre opp gjennom heile fjellet med unntak av dei siste 100 metrane mot toppen. Sjølv der var det ikkje særleg avblåst. 

Trude fiksar bindingane i ettermiddagssol

Lag på lag vidare innover


Vi møtte kjentfolk frå Kystverket på toppen. Etterkvart vart vi sittande åleine og nyte utsikta. Trude hadde med verdas beste sjokoladekake, og livet var godt. 

Nedturen var rein lykke. Dette er av dei beste skiføra eg har opplevd. Litt tung puddersnø og godt lys ned alle bakkane. Perfekt berekning før det vart heilt flatt lys dei siste hundre metrane før vi nådde bilen.   


Totalt ca 8 km og 800 høgdemeter



mandag 12. februar 2018

Arktisk fjellskitur på Vardane (777 moh)

5.februar 2018

Solskinnsfri frå 14.00 og ettermiddagstur. Vegen opp til Taustua var hardpakka og glatt. Vi gjekk difor på føtene dit opp, omkransa av furuskog, kvite fjell og låg vintersol.


Vi tok brødskiva ved Rollonhytta, med litt livd for den iskalde vinden, og tok på oss to jakker/dunskjørt/vindtett lue før vi for vidare. 

Varsel om solnedgang


Arktisk drag.

Sunnmøre i vinterpastell

Siste strimar av solnedgangen på toppen. 

(Kondis kom til meg! Det var skikkeleg seigt oppover)

Arktisk nok på 62 grader nord.. (Foto Synnøve)

Mot nord, Ålesund og Giske



Monsterlykta på hovudet og god plog på dårleg føre.. (Foto: Synnøve)

Synnøve sin endomondo.